Momskompensasjon for frivillige organisasjonar - eKurs

timer

Etterutdanning revisor:

Etterutdanning regnskapsfører:

Priser

Pris:

Medlem: kr 1 700

Andre: kr 2 300

ReKomp : kr 0

eKurs

Momskompensasjon for frivillige organisasjonar er den største statlege tilskotsordninga for frivillig sektor. Over 25 000 organisasjonar søker kvart år om kompensasjon, og mange av dei er kundar hos revisorar og rekneskapsførar. Kurset gir ei generell innføring i regelverket for ordninga og revisor sine avtalte kontrollhandlingar, slik at du kan hjelpe organisasjonane.

Dette lærer du

Målet med kurset er at du skal få kunnskap om momskompensasjonsordninga, og å gjere deg kjent med kontrollhandlingane i samband med utarbeiding av revisorrapport.

  • formål og hovudkrav for å få kompensasjon
  • søknadsmodellar
  • kostnader som ikkje kan vere med
  • krav til revisjon og revisorrapport
  • revisor si rolle
  • avtalte kontrollhandlingar (revisorrapport)

Kven er kurset laget for?

Kurset er for deg som er revisor eller revisormedarbeidar, og som har frivillige organisasjonar som kundar. Første del av kurset kan også vere relevant for rekneskapsførarar som ønsker å få meir kompetanse om ordninga. Andre del av kurset er spesielt retta mot revisor si rolle og gjennomføring av avtalte kontrollhandlingar

eKurs

Kurset vert gjennomført digitalt og kan takast når det passar deg. Kurset består av faglege gjennomgangar kombinert med oppgåver, slik at du får ei praktisk og anvendbar forståing av temaet. Etter gjennomført kurs mottek du kursbevis på e-post. Innlogga medlemer og ReKomp-abonnentar finn oversikt over alle kursa sine i Min kursplanlegger.

Les mer

Foredragsholder

Marie Berland Nesheim

Seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet